Revmatikarar og behandling i varmt klima

Vi revmatikarar har årelang erfaring med behandling i varmt klima. Vi veit at sol og varme kombinert med intensiv behandling gir ekstra gode resultat. Derfor brukar mange med revmatiske smerter og funksjonshemningar sparepengane sine til å oppretthalda og betra eiga helse i varmen. Vi revmatikarar betaler ofte reise og opphald sjølve for å få den beste behandlinga når det norske helsevesenet ikkje stiller opp med eigna tilbod. I tillegg til at det er altfor få rehabiliteringsplassar i Noreg i forhold til behovet, har vi ikkje naturgitte forhold i vårt land til å gi den same kombinasjonsbehandlinga som vi kan få i varmare strok. Det var jo også årsaka til at NRF bygde ein eigen behandlings”heim” i Spania.

Sjølv om vi har mange gode behandlings- og rehabiliteringsinstitusjonar i heimlandet, er effekten betre i varmt klima enn i Noreg. Vi veit at behandling i varmt klima gir betre funksjonsførleik, mindre smerter og stivheit, mindre medisinbruk og mindre sjukefråvær. I tillegg har forskingsinstituttet Sintef slått fast at det totalt sett kan vera billegare – trass i høgare reise- og opphaldsutgifter samanlikna med Noreg.

Alle ovannemde moment styrkjer argumentet om at det er økonomisk fordelaktig å kjøpa behandling for norske revmatikarar i utlandet. Samfunnsnytta blir størst ved at dei som har behov for det – og som kan reisa til utlandet – får behandlinga i varmt klima. Ei slik løysing kan også bidra til at dei som ikkje ynskjer å reisa utanlands, lettare får tilgang til behandling i Noreg. Som kjent får mange revmatikarar for tida avslag på søknad om rehabiliteringsopphald i Noreg. NRF får mange bekymringsmeldingar frå folk som har fått opphald kvart år tidlegare, men som no får avslag.

Etter kvart kjem det mange forskningsrapportar som påviser fordelen med behandling i varmt klima. Pasienterfaring viser også stor nytte av behandlingsopphald i utlandet. Det er pasientane sjølve som best kjenner kor ”skoen trykkjer”, kva som verkar for eigen kropp. Derfor er erfaringskunnskap særs viktig, og må tilleggjast stor vekt i prioriteringa mellom ulike behandlingsformer. Det er ikkje tilstrekkeleg å etterlysa forskning som berre kan målast ved hjelp av ”objektive kriterier”. Styresmaktene må etterspørja den erfaringsbaserte kunnskapen.

Kvifor skjer det ikkje?

Når all kunnskap tilseier at vi i Noreg får meir igjen for å senda langtidssjuke revmatikarar til varmen, kvifor skjer det ikkje? Alt i 2000 vart det lagt fram ein NOU for Stortinget som føreslo ei dobling av talet på plassar i Statens Behandlingsreiser. Etter den tid har talet på plassar heller gått ned enn opp. Den evalueringa som Helse- og omsorgsdepartementet sette i gang i fjor (Sintef-rapporten) vart til og med betalt ved å redusera talet på plasser ytterlegare.

Ein kan spørja seg om helsestyresmaktene ikkje ønskjer at vi skal få behandling utanlands? Hadde det ikkje vore for at Stortinget alltid har slutta opp om ordninga, trur eg ikkje vi hadde hatt nokon Statens Behandlingsreiser i dag.

Når det gjeld alle dei som tidligare fekk refusjon for eigenbetalt fysioterapi i Igalo i Montenegro og ulike andre stader, mellom anna i Tyrkia, vedtok Stortinget etter forslag frå departementet at det ikkje lenger skal vera mogeleg å ta slik behandling med refusjon utanfor EØS-området. Det kom som eit sjokk på oss revmatikarar. Vi følte oss rett og slett lurt og svikta av Helsedepartementet. Nyordninga er slett ikkje tilfredsstillande for alle oss som har hatt best nytte av behandling i institusjonar som ligg utanfor EØS.

Det er derfor behov for å få innført fritt val av rehabilitering, slik at kvar og ein kan få den behandlinga som er best ut frå eiga erfaring. Vi meiner det er rimeleg med same moglegheiter både i og utanfor EØS.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: