Syklet Nordsjørittet for revmatikersaken

29.06.10

Liv Margot Sviland var en av de som syklet Nordsjørittet for revmatikersaken i år. Liv Margot har selv den revmatiske sykdommen bekheterev og forteller her hvordan det var å sykle kanskje tidenes tøffeste nordsjøritt.

Alt eg seier ja til, tenkte eg då eg stod på startstreken i Egersund, klar for årets Nordsjøritt. Det regna og bles. Gradestokken viste 10 grader og vermeldinga ga ingen løfte om mindre vind utover dagen – heller verre. Men, då eg stod i lag med 350 andre ivrige sjeler som hadde meldt seg på for å sykle for ei god sak, blei eg ikkje anna enn motivert og tent. Her gjeld det å kun tenke positive tanker, tenkte eg og la av gårde mot mål 91 km lenger nord, i Sandnes.

Liv Margot og medsyklist feirer i mål

Nordsjørittet blei ein kraftanstrengelse av dei sjeldne. Dei første mila gjekk greit. Terrenget er skjerma for ver og vind, der løypa snodde seg fram langs ei gammal jernbanelinje og videre langs “den vestlandske hovedveg” til Ogna. Her opna det Jærske landskapet seg eit auneblink og me fekk ein forsmak på kva ver me hadde i vente seinare. Etter å ha forsert løypas høgaste punkt – Vandavatnet, som ligg på høg Jæren – i gjørme og sølepytter, var det å ta fatt på det opne Jærlandskapet mot Hå gamle prestegard, der prinsessa venta med boller og bananer.

Det var bare å bite tennene saman og kjempe innbitt mot vinden. Eg hadde gleda meg til ein god og lang nedoverbakke etter løypas høgaste punkt, men den gang ei. Eg måtte tråkke godt på i nedover for i det heile å kome framover. Halvvegs nede bakken var det som å møte ein vegg av vind. Den slo mot oss og farten stoppa nesten heilt opp. Slik kjempa me oss vidare nordover, med ein vindstyrke opp mot 25 knop.

På matstasjonen på Hå gamle prestegard hadde eg håpa på ei kongeleg banan, men nei. Akkurat eit minutt for seint ute til den. Ein liten nedtur. Etter ein matbit og påfyll av vatn var det bare å hive seg på sykkelen og tråkke vidare mot mål.

Vinden ga oss mange utfordringar. Ein måtte vera konsentrert heile tida. Sidevinden tok godt tak og kunne kaste deg av vegen om du var uoppmerksam. Ein seigemann og to hjalp veldig og gav ny energi.

Løypas tøffaste bakke “Tinghaug” gjekk som ein lek. Eg forserte mange slitne sjeler som ikkje klarte å sykle opp bakken. På toppen av bakken var det å få inn litt næring før vi tok fatt på de siste 20 km inn til Sandnes sentrum. Her passerte vi flott natur med Frøylandsvatnet og Stokkelandsvatnet som de virkelig fine naturperlene. Resten av løypa låg mykje i le for vinden, så dei siste mila blei ikkje så tunge.

Då målområdet nærma seg kjente eg letteslen. Tenk å klara å koma i mål utan uhell.

Etter målgang fekk eg møta prinsessa. Ho gratulerte meg meg god innsats  og me snakka om løpet og om korleis det var å vera revmatiker i løypa i dag. Ho viste stor interesse for kraftanstrengelsen eg hadde vore gjennom.

Prinsesse ML er imponert over bragden

Flere erfarne syklister som har syklet mesteparten av de gangen Nordsjørittet har vært arrangert, mente årets utgave var den desidert tøffeste.  Dess større blei gleda mi over å ha kome i mål i årets Nordsjøritt. Det er fantastisk. I dag er eg bare så glad.

Lurer på om eg skal melde meg på neste år også?

Takk til Revmatikerforbundet som gav meg muligheten til å delta.

Hilsen Liv Margot Sviland

Advertisements